• Busengdal Transport

    Busengdal Transport as er eit maskinentreprenørfirma i Stordal på Sunnmøre. Vi utfører oppdrag innan vegbygging, tomtegraving, mudring, muring med naturstein, samt produksjon, utlasting og transport av masse, over heile landet.

    Familiebedrifta Busengdal Transport.

    Busengdal transport as er eit familieeigd og familiedrive selskap. I dag er vi ca 90 tilsette. Bjørn Busengdal er styreleiar og driftsansvarlig.

     

    4 generasjoner Busengdal er med i den daglege drifta.

     

     

    Erling Busengdal gjekk i 2013 av med pensjon og Rolf-Anders Håberg vart tilsett som dagleg leiar. 

     

    Maskinetreprenøren Busengdal Transport

    Vi utfører store og mindre oppdrag over heile landet:

    Mudring
    Vegbygging
    Tomtegraving
    Steinknusing
    Utlasting av masse
    Transport av masse
    Muring med naturstein
    Spesialoppdrag kun du kan definere 

     

     
  • Kontakt oss gjerne

    Slå gjerne på tråden eller stikk innom for en kaffetår og en prat. Her finner det du trenger for å komme i kontakt med riktig person hos oss.


    Rolle
    Navn
    Telefonnummer
    E-mail
    Administrerende Direktør
    Rolf Anders Håberg
    90719030
    Daglig leder
    Erling Busengdal
    91578063
    Styreformann/Driftssjef
    Bjørn Busengdal
    90778266
    Driftsingeniør
    Ole Jacob Overå
    90134654
    Økonomi
    Anne M Tårn
    98677711
    HMS/KS
    Monica Busengdal
    95929898
    Kontor/administrasjon
    Gunn Busengdal
    90198118
    Kontor/administrasjon
    Reidun Bratland
    90079085
    Kontor/administrasjon
    Torill Busengdal
    90557966
    Kjøreleder/salg naturmurstein
    Rune Støversten
    90719011
    Anleggsleder
    Robert Busengdal
    90500048
    Anleggsleder
    Malene Busengdal
    41513752
    Anleggsleder
    Kamilla Busengdal
    90563110
    Anleggsleder
    Roar Eikebø
    90740181

      

     
  • Det starta med ein lastebil i 1957

    Martin Busengdal tok over ein lastebilkonsesjon i 1957. Han dreiv med transport av råvarer til den gryande møbelindustrien på Sunnmøre samt sommar- og vintervedlikehald av vegane.

    Ein Mercedes Benz L3500 uten varmeapparat

    Den første bilen kjøpte Martin Busengdal av Ole Ellefsen frå Sykkylven for 10 000 kroner. Det var ein Mercedes Benz L3500 uten varmeapparat. Det var kaldt i førarhuset, men Martin hadde små saltposar som han gnika vekk isen i frå innsida av rutene. Prisen for å skrape vegar i 1957 var 12,20 i timen for mann og bil. For å kjøre eit møbellass til Oslo var prisen 500 kroner.

    Etter to år vart bilen skifta ut med ein ny Mercedes 322 med 120 hester, kjøpt av Adolf Pedersen i Ålesund. Rett før påska det året køyrde Martin tre turar med møbellass til Oslo på 9 dagar. Med den tids vegstandard og bil utan servostyring var dette imponerande. Martin fortalde at han var temmeleg støl i armane når han kom heim til påske.

     

     Martin Busengdal (nr. 6 f.h.) frå tida som sjåfør for Ørskog Auto. Bilde frå Langsætrane i Stordal 4. januar 1947

      

    Den første gravemaskina i 1968.

    I 1968, då Erling vart 18 år, kjøpte dei seg ein traktorgravar i staden for ny bil. Den første jobben han hadde var å grave ut tomta til den nye Pedro-fabrikken. Erling grov og Martin køyrde bil. Den første traktorgravaren var utan hus minnes Erling. "Den første vinteren sat eg og grov under open himmel. Mor (Asbjørg Busengdal) tømde stabburet for klede, slik at eg ikkje skulle fryse". Då dei i 1972 kjøpte seg ein ny Ford 5000 så var denne med eit varmeapparat som blåste slik at ein nesten kunne "dette i køll". 

     

    Ekspansjon i 1977, dengang da diesel kostet 17 øre/liter.

    I 1977 var Knut Hjelle, Tor Øvrebust og Odd Berg tilsett i firmaet, i tilegg til Martin, Erling og Bjørn. Maskinparken var då fire lastebilar, to gravemaskiner, ein traktorgravar og ein hjulbrøyt. Ein av bilane hadde kapell og denne vart brukt til å køyre møblar og fôrmjøl. Det meste vart lasta og lossa for hand, for det var langt mellom truckane. Likevel så var Vegvesenet hovedoppdragsgivaren på denne tida. Vegbygging og vedlikehald vart ein stadig viktigare del av oppdraga.

    I tillegg vart det mykje tomtegraving. Busengdal var med å grave ut tomt til alle fabrikkane i bygda, og mellom 1972 og -73 arbeidde dei med Hovshjellane byggefelt. Erling minnest at dieselprisen den gongen var 17 øre per liter, medan taksten for ein mann med maskin var 28 kroner i timen. Det første flytteutstyret vart kjøpt i 1983. Ein Gjærstad maskinhengar med ei totalvekt på 30 tonn. Maskinhengaren er i bruk enno, men det største flytteutstyret i dag har ei totalvekt på 140-150 tonn (100 tonn langs veg).  

     

     Martin Busengdal med sin Scania Vabis 76. 

     

    Knuseverk  i 1986.

    For å kunne vere kunkurransedyktig og greie å vere med i marknaden er det viktig å tenkje nytt. I 1986 tok dei ein stor sjanse då dei investerte i ein Haahjem-knusar til 1 750 000,- kroner. Noko som var eit stort løft for ei lita bedrift med berre 8 tilsette. I tillegg var renta mellom 17 og 18 prosent i denne perioden. Knusejobbane var på denne tida godt betalt. Kubikkprisen for å knuse masse låg på heile 35 kroner. Det er til samanlikning stort sett det same som den ligg på i dag. Mange fulgte etter og investerte i knuseverk og etter kvart så gjekk prisane ned.

     

     

    E6 redda oss gjennom dårlige tider.

    På slutten av 80 talet og starten på 90 talet var det dårlege tider i anleggsbransjen. Til alt hell fekk Busengdal Transport i 1988 ei stor kontrakt med Akershus vegkontor. Oppdraget gjekk ut på knusing av massane frå bygginga av den nye E6-trasêen. Dei stod ved Hovinmoen grustak, og det vart arbeidd to skift i over eitt år. Sidan fekk dei eit nytt knuseoppdrag i Eidsvoll. Dei jobba på Austlandet i vel eit og eit halvt år, og dette redda truleg firmaet frå å gå konkurs i ein dårleg marknad. 

     

    Fmiliebedrift med gradvis vekst over tid.

    Martin køyrde inn vel 35 000 kroner i 1968. Omsetninga i 1996 låg på 12 millionar. Frå 2002 til 2003 gjorde omsetninga eit byks frå 34 millionar til 54 millionar. Mykje på grunn av sprenginga og grunnarbeid der Color Line stadion ligg no og utbygging av havneanlegget på Flatholmen. I 2012 omsette vi for 174 millionar kroner.  

     

    Her ser vi bilde av ein gjeng glade entreprenørar på veg til Vei og anleggsmessa i 1989.

    Bjørn Busengdal, Kristen Leganger, Tor Peter Innselset, Knut Hjelle, Magne Skuseth.