Ziggi-Busengdal-_IMG5472-1920px.jpg


Det starta med ein lastebil i 1957. Siden det har familiebedrifta vekse til 130 ansatte og blitt ein viktig del av eit lite lokalsamfunn.

Historia vår kjem fra Sunnmøre, og er skreven på nynorsk.

 
LEGGES UNDER HISTORIEN VÅR.jpg
 

Det heile starta med at Martin Busengdal tok over ein lastebilkonsesjon i 1957.

Martin dreiv med transport av råvarer til den gryande møbelindustrien på Sunnmøre, samt sommar- og vintervedlikehald av vegane. Prisen for å skrape vegar i 1957 var 12,20 i timen for mann og bil. For å kjøre eit møbellass til Oslo var prisen 500 kroner. 

Mercedes Benz og sunnmørsk næringsteft

Den første bilen kjøpte Busengdal av Ole Ellefsen frå Sykkylven for 10 000 kroner. Det var ein Mercedes Benz L3500 uten varmeapparat. Det var kalde arbeidsdagar i førarhuset, men Martin visste råd - han hadde små saltposar som han gnikka vekk isen i frå innsida av rutene.

Møbellass over Dovrefjell

Etter to år vart bilen skifta ut med ein ny Mercedes 322 med 120 hester, kjøpt av Adolf Pedersen i Ålesund. Rett før påska det året køyrde Martin heile tre turar med møbellass til Oslo på 9 dagar. Med den tids vegstandard og bil utan servostyring var dette imponerande. Martin fortalde at han var temmeleg støl i armane når han kom heim til påske.

HISTORIEN VÅR.PNG
 

Den første gravemaskina 

I 1968, då Erling Busengdal, son til Martin, vart 18 år, kjøpte dei seg ein traktorgravar i staden for ny bil.

Den første jobben Erling hadde var å grave ut tomta til den nye Pedro-fabrikken. Erling grov og Martin køyrde bil.

Den første traktorgravaren var utan hus, minnes Erling. "Den første vinteren sat eg og grov under open himmel. Mor mi, Asbjørg Busengdal, tømde stabburet for klede, slik at eg ikkje skulle fryse", fortel han.

Då dei i 1972 kjøpte seg ein ny Ford 5000 så var denne med eit varmeapparat som blåste tilnærma liten storm - slik at ein nesten kunne «dette i køll».  

Ziggi-Busengdal-_IMG5626-1920px.jpg
 

70-tallet: tid for ekspansjon og diesel til 17 øre literen

I 1977 var Knut Hjelle, Tor Øvrebust og Odd Berg tilsett i firmaet, i tilegg til Martin, Erling og Bjørn.

Maskinparken var då fire lastebilar, to gravemaskiner, ein traktorgravar og ein hjulbrøyt. 

Ein av bilane hadde kapell og denne vart brukt til å køyre møblar og fôrmjøl.

Lassing og lossing blei gjort for hand, for det var langt mellom truckane. Statens vegvesen var hovedoppdragsgivaren på denne tida. Vegbygging og vedlikehald vart ein stadig viktigare del av oppdraga. 

I tillegg vart det mykje tomtegraving. Busengdal AS var med å grave ut tomt til alle fabrikkane i bygda, og mellom 1972 og -73 arbeidde dei med Hovshjellane byggefelt.

Erling minnest at dieselprisen den gongen var 17 øre per liter, medan taksten for ein mann med maskin var 28 kroner i timen.

Det første flytteutstyret vart kjøpt i 1983, ein Gjærstad maskinhengar med ei totalvekt på 30 tonn. Denne maskinhengaren er i bruk enno. ;en det største flytteutstyret i dag har ei totalvekt over fem ganger så mykje: 140-150 tonn stillestående løft og den kan frakte 100 tonn langs veg.  

Knuseverk fra 1986 (LEGGES UNDER HISTORIEN VÅR).jpg
 

Knuseverk  i 1986 

For å kunne vere kunkurransedyktig og greie å vere med i marknaden er det viktig å tenkje nytt.

I 1986 tok leiinga ein stor sjanse då dei investerte i ein Haahjem-knusar til 1 750 000,- kroner. 

Noko som var eit stort løft for ei lita bedrift med berre 8 tilsette. I tillegg var renta mellom 17 og 18 prosent i denne perioden. Knusejobbane var på denne tida godt betalt. Kubikkprisen for å knuse masse låg på heile 35 kroner.

Til samanlikning er det stort sett det same som den ligg på i dag. Mange fulgte etter og investerte i knuseverk og etter kvart så gjekk prisane ned. 

E6 redda virksomheta 

På slutten av 80-talet og starten på 90-talet var det dårlege tider i anleggsbransjen.

Til alt hell fekk Busengdal AS i 1988 ei stor kontrakt med Akershus vegkontor. Oppdraget gjekk ut på knusing av massane frå bygginga av den nye E6-traséen. Dei stod ved Hovinmoen grustak, og det vart arbeidd to skift i over eitt år. 

Så kom eit nytt knuseoppdrag i Eidsvoll. Med å jobbe på Austlandet i vel eit og eit halvt år, klarte dei å halde firmaet frå å gå konkurs i ein dårleg marknad.  

Familie bedrift i vekst (Legge s inn under historien vår).PNG
 

Familiebedrift med gradvis vekst

Martin køyrde inn vel 35 000 kroner i 1968.

Omsetninga i 1996 låg på 12 millionar. 

Frå 2002 til 2003 gjorde omsetninga eit byks frå 34 millionar til 54 millionar. Mykje på grunn av sprenginga og grunnarbeid der Color Line stadion ligg no og utbygging av havneanlegget på Flatholmen.

I perdoden fra 2012 til i dag har selskapet utført en rekke større prosjekter som hovedentreprenør og underentreprenør.

Bygging av tilførselsveger til Tresjordbrua, Vaksvik Kraft, Utbygging av Ålesund Havn, grunnarbeid for Subsea 7 er nokre av prosjekta. 

I 2010 starta Busengdal med rørhåndtering for Subsea 7 på Vigra, dette gav selskapet fleire ben å stå på. 

Slitet og erfaringa har ført til nye mål.

Tidene endrar seg - og det er lenge sidan Martin og Erling frøys seg gjennom dagene og lossa for hand. Erfaringa fra å starte smått og følge utviklinga

Omsetningen i 2020 låg på omtrent 200 mill.

Kor vi kjem frå, kor vi skal til.