Våre tenester

  • Tomtegraving

     

    Vi har lang erfaring i å grave tomter til hytter, hus og industribygg.

    Vi hjelper deg å ta gode valg og leverer kvalitet til avtalt tid. 

    Ta kontakt dersom du har små eller store oppdrag du vil ha oss til å prise. 

     
  • Vegbygging


    Mil etter mil. I løpet av åra har vi bygd nok veg til å køyre svært langt.

    Ein skikkelig veg vert bygd med kompetanse, erfaring og rett utstyr. Det har vi.

    Vi tek på oss å bygge små og store veger, samt opprustning av eksisterande veg.


     
  • Mudring og Plastring

    Mudring gjør vi som oftest for å utdyper havner, baseng og tilkomstkanaler.
    Muddermasse transporterer vi til avtalt og godkjent deponeringsplass.

     
  • Steinknusing


    Busengdal har ulike grovknusarar, finknusarar og sorteringsverk for produksjon av pukk,singel, grus, jord og sand.

    Vi sel alle typar masse, med eller utan transport.

    Våre mobile knuseverk bruker vi til intern masseproduksjon, samt utleige til andre aktørar. 

     
  • Utlasting av masse


    Vi har lang erfaring i utlasting av større arealer/områder. Vi har maskiner og utstyr i alle storleikar til å utføre denne type oppdrag. Digernes Næringspark er eit eksempel på eit anlegg der vi bokstavleg talt har flytta fjell for å legge tilrette for nyetableringar.

     
  • Spesialtransport

    Spesialtransport krever rett utstyr og kompetanse. Det har vi.

    Busengdal transporterer store, tunge, lange, breie og høge kolli.

    Skal du flytte ei maskin, båt, utstyr eller hus, skal du ringe oss.

    Skal du flytte fjell, så er det vi som får det til.


    Vi hadde ansvaret for flytting av ein reel på 340 tonn, brukt til spoling av rør for Subsea 7 på Vigra.

    Eit spesielt oppdrag som vart løyst på ein god og sikker måte.

    Det vart bygd ei grøft for å kunne køyre reelen rett innpå vogna. Stein i frå Gjermundnes, som er spesielt hard, vart brukt som underlag i grøfta. 

     
  • Transport av masse

     

     Vi utfører alle typar av massetransport. Vi kjem til over alt, med alt frå minidumperar for dei små jobbane på trange område til små eller større leddstyrte dumperar for vanskeleg terreng. Vi har sjølvsagt også semibilar og vanlege lastebilar.

     
  • Mobile Knuseverk



    Busengdal grovknuser og finknuser alle typar pukk, sand og singel.

    Vi har også mobile knuseverk som vi brukar til oppdrag og utleige.  

    Sjå korleis vi brukte det på Valdervoll og Gjøsundet 

     

     
  • Spesialoppdrag


    Nokre utfordringar verkar umoglege.

    Dette er noko av dei kjekkaste jobbane vi får.

    Gi oss ei skikkelig utfordring, så løyser vi den. 

     
  • Sal av steinmasse


    Vi leverer dei fleste fraksjonar frå våre masseuttak på Digernes, Stordal og Gjermundnes.

    Ta kontakt for pristilbod med eller utan tilkøyring. 


     
  • Naturmurstein

     

     

    Vakkert, praktisk og verdifult uteområde med naturstein 

    Fra Gjermundnes Naturmurstein får du stein til forstøtningsmurar, kantstein, blending, trappeheller med meir. Steinen frå Gjermundnes har svært gode eigenskapar som naturmurstein. Årsaka til dette er den store forekomsten av gneis i ulike fargekombinasjonar.  

     

    Det øker trivsel og det øker verdien på hus og hytte  

    Naturstein er naturlig vakkert og trivelig. 
    Naturstein er praktisk, varig og vedlikehaldsfritt.
    Naturstein aukar verdien på din bustad eller hytte. 

     

     

    Det er akkurat så enkelt som du vil det skal være

    Du kan kome og finne stein sjølv, eller vi kan plukke den ut for deg.
    Du kan kome å hente den, eller vi kan transportere den for deg.
    Du kan bygge sjølv, eller vi kan bygge for deg.
    Vi leverer stein som er størrelse handterbar og oppover.
    Vi har også ei steinklippemaskin for spesialtilpassing.
    Vi kan tilby trappeheller kutta med diamantsag.

     

     

    Kom i gang nå

    For meir informasjon, prisar eller avtale om levering ta kontakt med Rune Støversten 404 26 000 eller Busengdal Transport 702 79 300.

    Opningstider er man - fre 07.30 - 15.30 eller etter avtale med Rune Støversten tlf. 404 26 000.

     
  • Fjellsprenging


    Fjellsprenging AS

    Fjellsprenging AS vart oppretta i 1994, som eit dotterselskap av Busengdal Transport as.

    Fjellsprengning utfører mesteparten av sprengningsarbeidet for Busengdal, og tek i tillegg på seg eksterne oppdrag. 

    Fjellsprenging har ein Tamrock Ranger 700 borerigg, samt ei Volvo EC 250 gravemaskin med ein Montabert borhammer påmontert. Gravemaskina, med eit hurtigkopla boreaggregat,  gjer at vi kan utføre mindre sprengingsjobbar svært effektivt.

    Der andre må ha minimum to maskiner til å bore, skyte og laste opp fjellet, klarer vi jobben med berre ei. I hustomter og anlegg der det er trangt om plassen blir denne maskina eit uunnverleg verktøy. 

    Vi tek på oss både større og mindre sprengningsjobbar. 



     
  • Tunge løft

     

    Busengdal har to store kranbilar i maskinparken.

    Den nyaste av desse er ein fireaksla Scania R620 med 110 t/m kran. Den andre er ein fireaksla Scania R480 med 100 t/m kran.

    Desse har ei rekkevidde på meir enn 35 meter og er mellom anna utstyrt med polygrabb for mudring og har båtstøtter og båtbrønn.

    Dei har også ein treaksla hengar som gjer dei effektive til transportoppdrag.Vi har også to mindre kranbilar med bakmontert kran.