Noen referanser

  • Subsea 7 rørhåndtering


    Rørhåndtering på Vigra

    Subsea 7 spolebase på Vigra er selskapets store stoltheit.

    Vi stod først for jobben med utgraving og opparbeiding av tomta til basen, som vart ferdigstilt i 2007.

    Sidan har Busengdal stått for all håndtering av rør, som Subsea 7 produserer for olje- og gassindustrien.

    Til dette arbeidet bruker vi mellom anna to spesialbygde Hitachi gravemaskiner med hevbar hytte.

    Arbeidet krev stor grad av opplæring og kompetanse hos mannskapet og høgt fokus på sikkerheit er ei sjølvfølge.














     
  • Kreative spesialoppdrag


    Oppdrag ein ikkje skulle tru kunne vært gjort med maskin.


    Busengdal har ein kreativ stab av erfarne og løysingsorienterte medarbeidarar. Dette spesialoppdraget fekk vi i samband med ein forsikringsjobb.

    Kunden ønska minst mogleg inngrep i området rundt huset, då tette dreneringsrør skulle skiftast ut.

    Dette vart løyst med minimaskiner og transportband påmontert ein minidumper. Eit eksempel på ei enkel, men god løysing for alle partar.

    Har du eit problem du treng ei løysing på, så ta kontakt.

     



     

     
  • Digerneset næringspark


    Sprenging, utgraving og planering på Digernes. 

    Digernes Næringspark har vorte eit nytt senter for næring på Sunnmøre.

    Busengdal har arbeidd med å skyte ut fjell, grave og planere ut 1,5 millionar m3 fjell. Dette arbeidet er framleis i gang. Vi opparbeider også infrastruktur og tomter for kundar som etablerar seg her.

    Når området står ferdig har bedriftene på Sunnmøre ein næringspark på 330000 m2 til rådigheit. Til no har mellom andre Bring, Maxbo, Statoil, Statens vegvesen og Rema 1000 etablert seg her.

    Oppdragsgivar er Wenaas Kapital. 


    Vi bestiger den største haugen med vår Tamrock 700.


    Digernes Næringspark.







     
  • Waterfront Hotell


    Utfordrande opparbeiding av tomt under sjønivå.

    Opparbeiding av tomt til Waterfront Hotell var eit utfordrande prosjekt som vi fullførte våren 2011.

    Her skulle ventilasjon, parkering og noko infrastruktur plasserast under sjønivå.

    Utfordringa var å bevare gamalt jugendbygg saman med eit nytt og moderne bygg. 

    Oppdragsgjevar var Wenaas Kapital. 






     

     
  • VA-anlegg på Langsætrane


    Vann og avløp på kryss og tvers av elver og myr.

    Stordal Kommune har satsa på utbygging av nye større hyttefelt, samt auking i overnattingskapasiteten på Overøye og Langsætra

    I den forbindelse har Busengdal bygd ut nytt VA-anlegg beståande av ny vasskjelde, overførselsleidningar, vassbehandlingsanlegg, høgdebasseng og avløpsreinseanlegg.

    Prosjektet omfattar:

    • 7500 m grøfter med vann- og spillvannsledninger
    • Prefabrikkerte pumpestasjoner
    • 7500 m grøfter med vann- og spillvannsledninger
    • Prefabrikkerte pumpestasjoner
    • 18 vannkummer og trykkreduksjonskummer
    • 120 spillvannskummer
    • 760 m tilkomstveg til elveinntak 

    Prosjektet stod ferdig hausten 2014. 

    Oppdragsgjevar var Stordal kommune. 

    Vi er no godt i gang med tilknytning av hyttene på sætrestølane Kvitlane og Pusken, samt omkringliggande hyttefelt.  

     

     

     
  • Brakkerigg Subsea7


    Lasting av masse og opparbeiding av grunn 

    Arbeidet med å laste ut masse for den nye bo-/ brakkeriggen til Subsea 7 på Vigra er ferdigstilt.

    Med ei gravemaskin på vel 75 tonn og fire semilastebilar gjekk arbeidet med å laste ut massa raskt unna.
     
    Brakkeriggen til Subsea 7 er på plass og har plass til omlag 100 arbeidarar.

     
     
  • Nasjonale Turistvegar


    Rasteplassar 

    Nasjonale turistvegar er 18 utvalde strekningar gjennom nydeleg norsk natur.

    Her er utsiktspunkt og rasteplassar med spennande arkitektur og kunst, alt for å stimulere den reisande til å nyte og bruke naturen.

    Det er Statens vegvesen som står for utviklinga av desse vegstrekningane og Busengdal Transport har jobben med å oppgradere rasteplassar i to av områda. Det er plassert ut bord og benkar og vi har sett opp skilting på Valdresflya og Rondane, på Geirangervegen, Trollstigen, Atlanterhavsvegen og Strynefjellet samt Sognefjellet, Gaularfjellet og Aurlandsfjellet. Arbeidet med Nasjonale Turistvegar pågår enno.

    Kontrakta er ei rammeavtale som går over fleire år, og vi brukar i hovudsak ein kranbil til å hente og plassere ut utstyret.








     
  • Berdalselva Kraftverk


    Bygging av annleggsveg og rørlegging.

    Prosjektet omfatta bygging av ein anleggsveg i bratt og utfordrande terreng, samt graving av rørgrøft, legging og tildekking av røra.

    Rørgrøfta har ein diameter på 1 meter og fleire stader var det naudsynt å sprenge vekk fjell.



     Eit knuseverk på staden sytte for at vi kunne knuse opp masse til omfylling av rørgrøfta.







     

     

     

     
  • Bustadfelt Flisnes


    Opparbeiding av bustadfelt

    Busengdal Transport hadde saman med Opshaug Sandtak kontrakt på opparbeiding av bustadfelt på Flisnes. 

    Det var Ålesund kommune i samarbeid med Mostein Eiendom og Block Watne som stod for utbygginga.



    Byggetrinn 2 på Flisnes allé for Mostein Eiendom er også ferdigstilt, med grunnarbeid til i alt 20 tomter. Dette omfatta uttrauing av myr, sprenging og vekkøyring av stein.

     

     
  • Kunstgrasbane Valdervoll


    Sprengning og oppbygging av kunstgrasbane.

    Kunstgrasbana på Valdervoll er no ferdigstilt og idrettslaget har teke i bruk den nye bana.

    Busengdal Transport fekk oppdraget med å sprenge bort 110 000 faste m3 fjell frå den gamle grusbana på Valdervoll. I 2009 var det offisiell opning av den nye kunstgrasbana, etter ein periode med  full aktivitet med anleggsmaskiner. 

    Det er også ferdigstilt eit friplassområde bak den gamle grasbana på Valdervoll. Her er det mellom anna løpebane, lengdehoppgroper og kulestøtbane.

    Fjellet som er sprengt bort er fyllt ut i sjøen på Gjøsundet på Vigra. Der er det opparbeidd eit industriområde med nytt kaianlegg. Her ser vi ein Subsea 7 spolebåt under spoleoppdrag på den nye kaia.

     


     

     
  • Snøsikring Overøye

    Snøsikring av Overøye Fjellgrend.

    Til denne jobben vart det henta inn ekspertar med over 30 års erfaring frå snøsikring i dei italienske og franske alpane.

    Først vart området bearbeidd og det vart laga fundament. Sidan vart det brukt helikopter til å frakte og sette opp skredfangarane. Eit utfordrande prosjekt i vanskeleg terreng.








    Etter at skredsikringa var ferdig var hytteområdet klart for utbygging.
    Dei fleste hyttene er ferdig bygde, men her er framleis nokre ledige tomter.
    Hyttetomtene ligg rett ved alpinanlegget med ski inn og ut, og med fantastisk utsikt over området.

    For meir informasjon om tomtene og området, sjå: www.overoye.no

     
  • Turistveg Geiranger


    Utsiktsposter i Geiranger

    Busengdal Transport har i samarbeid med Christie & Oppsahl hatt oppdraget for Statens vegvesen med å utvide og fornye to av Geiranger sine flottaste utsiktspostar.

    Ørnesvingen vart utvida med eit nytt, større og spetakulært utsiktspunkt. Det vart også utvida parkeringsmulegheiter ved Ørnesvingen.

    Utsiktspunktet på Flydalsjuvet har fått større parkeringsplassar og gangvegar for å auke kapasiteten, og gjere plassen sikrare for turistar.

    Busengdal Transport as har mellom anna sett opp flotte natursteinsmurar. Våre dyktige maskinførarar har utført eit godt stykke arbeid her.