• På veg til ny adresse

    Hus på 53 tonn og 100 kvadratmeter flytta på Vestnes. Ektepar ville ta vare på slektshuset frå 1870-tallet, men bu på ein annan stad.



    Flyttinga har vore planlagt og førebudd ned til minste detalj i fleire månader. Det er ikkje berre enkelt å flytte eit bustadhus på to etasjar. Huset er frå 1870-tallet og har ei grunnflate på over 100 kvadratmeter. Det er 13 meter langt, åtte meter breitt, åtte meter høgt og veg 53 tonn.

    Busengdal Transport organiserte flyttejobben og med på laget hadde vi med oss J. Valde AS, Rud Maskintranport,  K.Nordang AS og Nordic Crane. Samarbeidet mellom dei involverte fungerte godt.


    Foto: Nils Magne Grønningsæter Vald

    Eigarane plasserte to små skruar på kjøkeninnreiinga. Dei låg akkurat like eins då huset kom fram.


    Huset er no på plass med nytt gnr/bnr. Kjempejobb av alle!

     

     
  • Rema 1000 i Langevågen

    No skal det byggast Rema 1000-butikk i Langevågen, og Busengdal er godt i gang med grunnarbeidet

    No er vi godt i gang med arbeidet i Langevågen.

    Busengdal har fått oppdraget frå Emineo AS som er leverandør av bygget.

     

    Ari på jobb i Langevågen

     
  • Flott natursteinsmur i Valldal

    Vi i Busengdal er stolte av grunnarbeidet og natursteinsmuring på denne flotte hytta i Lingåsen.


    Busengdal har laga natursteinsmuren til denne prakthytta i Valldal ved Norddalsfjorden. Her har Per Ola Ratvik utsikt mot fjord, fjell og vakre Sunnmøre frå hytta han kallar «Blokksberg».


    FOTO: Vidar Askland, også på forside.

    – Om ikkje hytta står i tusen år, så vil i alle fall denne steinmuren gjere det, sier Ratvik.

     
  • Mudring med spesialbygd gavemaskin

    Volvo EC290 har ekstra lang rekkevidde. Det gjer den egna til jobbar der andre gravemaskiner ikkje strekk til.

     
  • Hytte på Overøye?

    Har du lyst å realisere hyttedraumen og kome i hus før neste vinter kjem? Vi har flotte hyttetomter på Overøye. Ski in - Ski out.

    Hyttetomter Overøye Fjellgrend

    Overøye er mest kjend som eit snøsikkert vintersportsområde.
    Dei mange gode naturopplevingane på vår, sommar og haust, er ein mindre kjent juvel.
    Overøye Fjellgrend ligger nært inntil alpinbakken på Overøye.
    Å skaffe seg ei slik hyttetomt er ei skjeldan anledning.


    Du kan sjølv velje fritt kva for hyttetype og leverandør du vil ha.

      

    Eit allsidig tur og opplevingsområde

    Overøye og Langsætrane er eit regionalt friluftsområde ein times avstand frå Ålesund. Her kan du fiske i fjellvatn og elvar, jakte eller oppleve naturen på andre måtar.

    For mer informasjon om tomtene og området: www.overoye.no


    Mange lange flotte skiløyper

     

     

    Utsikt fra hyttefeltet

     

     


     Ski in - ski out 

     


     

     
  • Mur i Naturstein

    Det vert sagt at ein flott mur er eit stykke kunst, og vi strevar difor alltid etter å levere eit produkt ein kan vere stolt av i mange år. Sjå eit utval her.

    Det er viktig at du set seg inn i de ulike alternativa før avgjerdsla vert teken, då det er stor forskjell i pris, levetid og bereevne - forhold som har stor betyding for å møte behova til kvar enkelt.

    Vi leverer dei fleste murtypar som finst i marknaden og vil sjølvsagt kunne bistå med nyttige erfaringar.



    Mest brukt er murar stabla av naturstein, eit klassisk og langsiktig alternativ. Mindre natursteinsmurar vert ofte stabla for hand, medan ein bruker gravemaskin til større murar. Et billegare alternativ er murar av betongstein som finst i et utal av fargar og utformingar. Slike stablemurer er svært populære, men har vesentleg kortare levetid enn naturstein.



    Vi har både murarar og forskalingssnekkarar i teamet vårt, noko som gjer at vi enkelt kan tilpasse oss dine ønske. Vi leverer også natursteinsforblendinger til grunnmurar. Dette er eit eksklusivt alternativ som vi gi eigedommen din eit særpreg.



    Her er eit eksempel på natursteinsmur ved sjøfylling.



    Klikk her for å lese mer om naturstein

     
  • Salve på Almås

    Slik ser det ut når vi sprenger ei salve på Almås. Dette var under VA-prosjektet for Stordal kommune på Langsetrane. Sjå filmen her.



     
  • I nye lokaler

    I oktober flyttet vi inn i nye kontor lokaler hos Stordal Eiendom AS, midt i Stordal sentrum. Lokalene i "Bøssdalen" brukes nå til verksted, lager og servicepunkt.


     

     

    Det var på tide med nye og større lokaler. Men vi har ikke flyttet langt.

     

     

    Fortsatt aktivitet i "Bøssdalen"

    Vi vil fortsette å bruke de gode gamle lokalene i "Bøssdalen. Det er nå vårt servicepunkt for vedlikehold og reperasjon av biler og utstyr og lager. En god plass med mange gode minner. 


     

     
  • På gode veier skal Sunnmøre eksporteres

    Klart det går an å drive næringsliv på her på våre knauser. Vi må bare fortsette å tenke stort.


    Der ingen trudde nokon kunne drive næringsliv

    Det skulle egentlig ikke gå an å drive sitt næringsliv nord-vest i Norge. Dype fjorder og høye fjell. Smale veier i tuneller og rundt knappe nes. Men Sunnmøringen gjør det allikevel, med bravur. Når markedet ikke kommer til ham, ser han seg heller ikke fornøyd med å sende sine varer til hovedstaden. 

    Har det ikke vært vanskelig før, så blir det ikke lettere nå. Først skal han konkurrere med lave lønninger og så må han transportere sine varer til bergensere og kinesere til priser som er konkurransedyktige. Vi heier på Sunnmøringen. 


     

    Tresfjordbroen

    Broen mellom Vågstranda og Måndalen løser ikke Sunnmøringens utfordringer alene. Men det er en av mange ingeniørbragder og investeringer som vil gi fortsatt livets rett for næringslivet på Nordvest landet. En av mange biter som pusler et bilde av nordvest-norske varer, som fortsatt kan leveres og eksporteres til Bergen, Beijing og Boston.


     

    Vi heier på norsk næringsliv  

    Vår jobb er gjøre det mulig. Busengdal Transport bygger tilkomstveier til Tresfjordbroen. Vi er soldater i hærskaren som pløyer vei for næringsliv og hvermansen. Vår jobbe er at lastebiler og el-biler kommer seg trygt fra A til B. Fra Vestnes til veien over fjellet. Broen kan være helt ordinær eller den kan være den største ingeniørbragden noen sinne. Uten gode tilkomstveier er den helt ubrukelig.

    Klart vi kan tenke stort.  Busengdal er en maskinentreprenør fra Stordal. Et lite selskap i stor målestokk. 98 ansatte i en bygd med knappe 1000 innbyggere, som tørr å tenke stort. 


     

    Klart det går an å drive næringsliv på her på våre knauser. Vi må bare fortsette å tenke stort.



     

     
  • Ledige stillingar

    Busengdal er jamt på utkik etter dyktige medarbeidarar. Sjølv om vi ikkje har stillingsannonser ute no, så ta gjerne kontakt med oss for ei hyggeleg jobbsamtale.

     
  • Ny spesialbygd tungtrekker

    Busengdal fekk hausten 2013 levert ein flott 5 aksla tungtrekkar. Valet falt på ein Volvo 750 med XXL hytte.


     

    Dette er ein kraftig bil tilpassa dei tunge oppdraga. Vi har også fått tilpassa ein lede- følgebil til desse jobbane. For å sjå fleire bilete av tungtrekkaren og anna utstyr som vi har, så følg oss gjerne på vår side på Facebook eller klikk på #busengdal på Instagram.

     
  • Hyttetomter

    Busengdal Transport har svært god kompetanse på opparbeiding av hyttetomter. Ta gjerne kontakt med oss for å få et godt tilbod på di hyttetomt. Ikkje noko oppdrag er for stort eller for lite for oss.

     
  • Tre nye Scania 620 Trekkere

    Busengdal har kjøpte hausten 2013 inn tre nye Scania 620 Tungtrekkarar. Siste bilen vart levert i midten av desember 2013. Dette gir oss ei god og moderne flåte godt rusta til tunge transportoppdrag.