Våre maskiner

  • Lastebilar


    Stor og variert bilpark


    Busengdal har ein stor og variert bilpark for massetransport og maskintransport. Mot slutten av 2013 fornya vi bilparken med 3 nye Scania R620 samt ein spesialbil for tunge maskinflytt. Ein Volvo XXL med 700 hestekrefter. Dette er ein 5 aksla bil som dreg ein 4 aksla Vang brønnhengar. Dei tre Scania R 620 er også bygd for flytteoppdrag, i tillegg til at dei vert brukt til massetransport.

     
  • Doser


    Busengdal har to Komatsu buldosere på 23 t og 28 t i maskinparken.
    Desse er brukt til utlegging av masse på større anlegg, mellom anna Digernes Næringspark og E136 tilførselsvegar til Tresfjordbrua.  







     
  • Spesialmaskiner


    Sidan 2008 har vi håndtert rør for Subsea 7 på Vigra spolebase.

    For å kunne løyse utfordringane der på ein sikrast og best mogleg måte har vi fått bygd opp to 70 tonns Hitachi gravemaskiner, med hevbar hytte og særleg lang rekkevidde. I tillegg har vi ei Hitachi ZX 870 for dei tyngste jobbane.

    I periodar er det mogleg å leige ut desse maskinene for andre oppdrag.
    Ta kontakt ved behov for leige.
     
  • Hjulastarar


    Busengdal har hjullastarar frå 14 til 90 tonn, med hovudvekt på 30-tonnslastarar. Vi bruker dei mellom anna til massehåndtering.

    Volvo L 220 G og Volvo L180 blir også brukt til handtering av opp til 9 tonn tunge rør på Subsea 7 spolebase. Her laster Volvo L180 rør for Skarv-prosjektet.

    Volvo L 330 dreg rør på opp til 300 tonn på Subsea 7 spolebase på Vigra.

     

     
  • Kranbilar


    Nokre ting skal løftast høgt, andre ting skal løftast langt.
    Nokre løft er tunge, andre ting er knotete å løfte.
    Våre to Scania kranbilar med 100 og 110 t/m kran greier jobben.
    "Busengdal løfter det som skal løftes - det er et løfte". 
     
  • Mobile Knuseverk

    Busengdal grovknuser og finknuser alle typar pukk, sand og singel.
    Vi har også mobile knuseverk vi bruker til oppdrag og utleige.  

    Sjå korleis vi brukte det på Valdervoll og Gjøsundet 

     
  • Dumparar


    Med lastebilar får du med deg det meste. Med våre dumperar får du med deg alt og er mykje meir effektiv.

    Vi har dumparar frå 7,5 til 30 tonn. Vi kan dermed ta på oss transportoppdrag i alle storleikar og i utfordrande terreng.

     
  • Tipptruck


    Tipptruckar har svært god lastekapasitet og er dermed effektive når ein skal flytte store mengder masse på kort tid.

    Skal du flytte ei myr eller eit fjell, ta kontakt med oss.

     
  • Traktorar


    Du kan gjøre litt med ei snøskuffe.
    Du kan gjøre mykje meir med ein traktor.
    Vi kan brøyte og kjøre vekk snøen for deg, og strø med sand etterpå.
    Vi bruker også traktorar til ulike lasteoppdrag. 
     
  • Veghøvel

    Det verste som finst er ein humpete, holete og nedkjørt veg.
    Du kan sjølvsagt lappe og fikse på den.
    Veghøvelen gjer jobben mykje meir effektivt og varig. 

     
  • Gravemaskiner


    Store og små gravemaskiner

    Vi har gravemaskiner i alle storleikar og til dei fleste jobbar. Frå 3 tonns gravemaskiner med gummibelte for skånsom ferdsel, til Volvo EC 290 med langbom for ekstra lang rekkevidde. Denne vert mellom anna brukt til mudring, plastring, riving og andre jobbar der rekkevidda er viktig.

    Fleire av gravemaskinene er utstyrt med gps, for at maskinføraren skal kunne ha kontinuerlig kontroll med høgder.

    Vi har gravemaskiner opp til 90 tonn for effektiv utlasting, men hovudvekta av maskiner ligg mellom 13 og 30 tonn, mellom anna ei Komatsu PC 128 med korthekk for jobbar på trange plassar.